To nye skogreservat i Hordaland

Kongen i statsråd vedtok fredag 16. desember å verne skog på Åkre og Vikane, og Ullensvang begge i Ullensvang herad. Totalt 18 områder i heile landet vart verna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.06.2018

Vern i Tjongspollen i Bømlo er saman med to andre områder, utsatt i påvente av at regelverket frå og med 2017 vil presisere at erstatningar for skogvern er skattefri også for sameiger.
Frå Åkre og Vikane i Ullensvang kommune. Skogen her er blant de eldste, mest intakte og naturprega i Hordaland.

Gamal skog på Åkre og Vikane

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit større, naturprega skogområde med sjeldan og sårbar natur i indre fjordstrok. Skogen er blant dei eldste, mest intakte og naturprega i Hordaland.

Av særlege kvalitetar er ein variert skogstruktur med mange treslag i ulik aldrar og dimensjonar. Dette, saman med ein lang kontinuitet av døde tre i ulik nedbrytingsstadium, gjev eit stort mangfald av artar. Området har stor naturvitskapleg verdi, både som referanseområde og som studieområde innan forsking og undervising. Åkre og Vikane naturreservat vil vere på 1 846 dekar.

Fjordlier i Ullensvang

Formålet med fredinga er å ta vare på eit relativt stort lauvskogsområde som er typisk for indre strok av Hardangerfjorden, med tilhøyrande artar og naturlege økologiske prosessar. Boreal lauvskog dominerer, men det finst òg innslag av edellauvskog med hassel og ask. Variasjonen i vegetasjonstypar og gradienten gjennom ulike vegetasjonssoner frå fjord til fjell er viktige kvalitetar ved området. Reservatet vil vere på totalt 964 dekar.

Gjennom prosessen har vi hatt eit konstruktivt samarbeid med kommunen og nabogrunneigaren og vi er no komen fram til ei løysing alle partar kan leve med. På grunn av lange og smale teigar vert tilkomst og landbruksdrift på naboeigedomen påverka av vernet, noko vi føreslår løyst gjennom eit mindre makeskifte.

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta kan sanke sopp og bær. Turstiar i området kan haldast ved like som før.

Ønskjer meir vern

Med dette vernevedtaket er omlag 3 prosent av den produktive skogen i Norge verna. Stortinget har nylig vedteke eit mål om vern av ti prosent av skogarealet i Norge. Fylkesmannen vil derfor i samarbeid med skogeigarlaga auke innsatsen på dette feltet.
Med vern av fjordlier i Ullensvang, regnskog og kystlandskap i Tjongspollen i Bømlo, og gamal naturprega blandingsskog på Åkre og Vikane i Ullensvang herad, vil vi ta vare på viktige skattar i Hordalandsnaturen for framtida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.