Endringar i jordlova og odelslova

Stortinget har ferdigbehandla to lovforslag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD). Det eine gjeld endringar i delingsbestemmelsen i jordlova § 12. Det andre gjeld endringar i odelslova, nærare bestemt innskrenkingar i odelskretsen og oppheving av bestemmelsen om odelsfrigjering av tilleggsjord.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2013

Begge lovendringane blei sanksjonerte av Kongen i statsråd fredag 14. juni. Ny jordlov § 12 m.v. trer i kraft 1. juli 2013. Endringar i odelslova trer i kraft 1. januar 2014.

Les meir på LMD si heimeside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.