Konferanse om matkultur og reiseliv
Reiselivsbransjen ønskjer å bruke meir lokal mat og å framheve norsk matkultur. Men korleis greie dette i praksis? Den Norske Matfestivalen i Ålesund og samarbeidspartar inviterer til ein matnyttig og smakfull konferanse om matkultur og reiseliv tysdag 20. august 2013, dagen før opninga av årets matfestival.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bakgrunnen for konferansen er eit ønskje om å få meir fokus på samanhengen mellom ein levande matkultur og næringsutvikling innan lokal matforedling, landbruk og reiseliv. Fleire og fleire har fått opp augo for kor viktig det er å halde norsk matkultur i hevd og kva det betyr for lokal identitet.
På konferansen vert det samla aktørar som arbeider med produksjon, foredling, logistikk, marknadsføring og kvalitetssikring av lokal mat. Ei viktig målgruppe for konferansen er dei som jobbar med konseptutvikling basert på matopplevingar og matkultur. Av innleiarane kan nemnast Harald Osa frå Bama sitt matkulturprosjekt, Siv Holmeide frå «Den Glade Ku» på Tingvoll, Tor Valdvik frå Norsk Smaksskule/Norsk kulturarv og Bodil Fjellestad Eikrem frå Gloppen Hotell. Sistnemnde er også årets Bondelagskokk.
For å presentere eit vidt spekter av den norske matkulturen, er det invitert produsentar frå prosjektet Mat langs Nasjonale turistveger. Her vil det bli høve til å smake seg gjennom seks ulike nasjonale turistvegar: Valdresflye, Rondane, Sognefjellet, Geiranger-Trollstigen, Strynefjellet og Atlanterhavsvegen. Kokk og lokalmatentusiast Nils Nesje, frå «Nesje - mat med hjerte», har ansvaret for turistvegmenyen.
Arrangørar for konferansen er Den Norske Matfestivalen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Innovasjon Norge i samarbeid med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Mat langs Nasjonale turistveger. Konferansen er lagt til Rica Parken Hotel og Klippfiskakademiet.