Tverretatleg samarbeid for betre levekår i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal etablerte i januar 2019 Levekårsnettverket. Målet for eit slikt tverretatleg samarbeid er å skape eit forum der statlege og regionale aktørar kan samarbeide om oppgåveløysingar for å kunne gi koordinerte tenester til kommunane på velferdsområdet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ved oppstart var Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Husbanken Midt-Norge, IMDi Midt-Norge, NAV Møre og Romsdal og KS partane i nettverket.
Statsforvaltaren leier nettverket og medlemmane bidrar innanfor eige ansvars- og oppgåveområde.
Partane hadde sitt første møte under Nyttårskonferansen i januar 2019 og har følgt opp med tre møter etter dette.
Nettverket vil i 2019-2020 mellom anna prioritere «Bustad for velferd», «nullvisjon for utanforskap» og «utsette barn og unge». Som eit ledd i satsinga vil Levekårsnettverket arrangere ein fagdag 15. oktober i Molde der tema er barnefamiliar med langvarig låginntekt.
Gjennom dialog ønsker aktørane å leggje til rette for eit vidare samarbeid med kommunar som vil jobbe meir systematisk og heilskapleg med å betre oppvekstvilkåra for utsette barn og unge over tid.
Kontaktpersonar
-
Rigmor Brøste
Tlf: 71 25 84 14 / 92 65 94 01