Søk tilskot frå skogbruket sine rentemidlar

Organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar kan søkje om tilskot frå fylkesinntrekte rentemidlar til konkrete prosjekt og tiltak som fremmer skogbruket. Søknadsfrist - 15. januar 2024.

Publisert 21.11.2023

Ein kan gje støtte til FoU-prosjekter, informasjon/opplæring/rettleiing, undersøkingar, samt fellesutgifter i samband med skogfaglege arrangement.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil prioritere søknadar som er i tråd med måla i Melding om kystskogbruket og  Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal.

  • Framtidig virkesproduksjon, optimal hogstmoden alder/økonomi
  • Prosjekt med fokus på forynging og skjøtsel
  • Skogproduksjon og klimabidrag
  • Auka trebruk og trebasert verdiskaping
  • Infrastruktur
  • Omdømmebygging, rekruttering og nettverksarbeid
  • Ivaretaking av miljøomsyn

Det blir gjeve tilskot til konkrete tiltak, ikkje til ordinær drift eller investering i utstyr. Vi oppmodar til at tiltak blir organisert som eit eige prosjekt. Prosjekt eller tiltak skal ha regional betydning. Det blir stilt krav til rapportering og eigenandel i form av kapital eller arbeidsinnsats. Prosjekt av kommunal eller lokal betydning sendast landbruksforvaltninga i den enkelte kommune for eventuelt støtte frå dei kommunale rentemidlane. Prosjekt av nasjonal betydning sendast Landbruksdirektoratet for nasjonale rentemidlar.

Tilskotspotten for 2024 er på inntil kr 600.000.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vil i utgangspunktet ikkje forplikte oss til medfinansiering med rentemidlar til langvarige prosjekt, men særleg gode prosjekt kan likevel vurderast. Vi oppmodar til å avgrense søknadane til å omhandle tiltak som skal gjennomførast i 2024 og 2025.

Søknaden skal innehalde følgjande:

  • Kortfatta beskriving av prosjektet eller tiltaket
  • Enkel framdriftsplan
  • Informasjon om prosjektorganisering
  • Kostnadsoverslag og finansieringsplan
  • Søknadsbeløp
  • Plan om rapportering og korleis resultata skal formidlast
  • Gjerne syne kva effekt omsøkte tiltak har på FNs berekraftsmål og verdiskaping i skogbruket framover

 

Søknad sendast innan 15. januar 2024 til:
sfmrpost@statsforvalteren.no eller

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Landbruksavdelinga
Postboks 2520
6404 Molde

Merk søknaden med «Fylkesinntrekte rentemidlar 2024 i Møre og Romsdal»


Før tilskotet vert utbetalt må ein sende inn utbetalingsoppmoding som inneheld eit godkjent rekneskap med bilag, og ei kort oppsummering av arbeid og resultat. Dersom mottakaren ikkje opptrer i samsvar med føresetnadene for tildelinga kan støtta heilt eller delvis trekkjast tilbake.

Om skogfond og rentemidlar

Skogfondet består av midlar som skogeigarane pliktar å setje av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Føremålet med ordninga er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktig investeringar, samt sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virke kjem frå.

Skogeigaren har ikkje krav på renter av skogfondet, men rentene vert brukt til føremål som skal komme skogbrukets fellesskap til gode. Rentemidlane blir fordelt mellom kommune-, fylkes- og nasjonalt nivå, og bruken blir regulert av forskrift om skogfond o.a. Midlane vert delt etter ein nøkkel satt av Landbruksdirektoratet.

Av midlane blir 19 % tildelt Statsforvaltaren, 29 % til skogandelslag i Norges Skogeierforbund og 0-20 % som ein trinnvis sats til Landbruksdirektoratet. Det overskytande går til kommunane.

Den forventa renteinntekta vil variere med inneståande skogfondsbehaldning og rentesats. Statsforvaltaren vil etter søknadsfristen utarbeide eit budsjettforslag for bruk av rentemidlar for 2024 som skal leggjast fram på strategiutvalsmøtet  for skogbruk i Møre og Romsdal. Midlane blir brukt til administrasjon av skogfondsordninga, til informasjons-, og rettleiingstiltak og som tilskot til prosjekt etter søknad.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.