Løyve for Silver Seafood AS

Silver Seafood AS har 27.05.2021 fått løyve frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for sitt anlegg på Midsund i Molde kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.05.2021

Løyvet gjeld utslepp av taskekrabbeskal og er basert på eit utslepp på 1000 tonn per år, med 2 tonn per dag i gjennomsnitt og maksimalt 5 tonn per dag. Løyvet regulerer utslepp, og det er stilt krav til overvaking av utsleppspunkt og rapportering til forureiningsmyndigheita.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.