Vedtak om løyve etter forureiningslova til biogassanlegg

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Ola Vaseng løyve til mottak og handsaming av husdyrgjødsel og fiskeslam på Kvamme gård, gnr. 3 bnr. 1, i Surnadal kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2023

Det skal produserast biogass av 6000 tonn husdyrgjødsel frå eigen gard og 200 tonn fiskeslam. Bioresten skal nyttast som gjødsel på godkjend jordbruksareal.

Vedtak med løyve finn du til høgre på denne nettsida.

Eventuelle merknadar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller sfmrpost@statsforvalteren.no innan 31.03.2023.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar