Kristiansund – utfylling ved Sørholmen

Fylkesmannen endrar løyvet til Jemar Utvikling AS til utfylling i sjø ved Sørsundet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2017

Opphavleg fekk tiltakshavar løyve til å fylle ut med 70 000 m3 med massar over eit større område. Dette tiltaket skal ikkje lenger realiserast. I staden skal det no fyllast ut med berre om lag 17 000 m3 i eit mindre område på nordsida av sundet. Før utlegging av steinmassar, skal sjøbotnen dekkast til med eit lag med sand for å hindre oppvirvling av forureina sediment. Løyvet er gyldig til 31.12.2018.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.