Løyve til utfylling ved Harøysundet

Fræna Kysteiendom AS får løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen med gnr. 4 bnr. 21 i Fræna kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.11.2017

Dei skal fylle ut med om lag 10 000 m3 sprengstein over eit areal på om lag 2 159 m2 for å auke arealet til industritomta. Dei har planlagt å starte med arbeidet i 2018 og ferdigstille i 2020.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet ble gitt. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE.

Vedtak med løyve finn du til høgre på denne sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.