Mellombels løyve til brenning av avløpsslam med bromerte flammehemmarar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 03.07.2017 gitt Tafjord Kraftvarme AS mellombels løyve etter forureiningslova til å brenne lett forureina avløpsslam i anlegget sitt på Grautneset i Ålesund kommune. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i medhald av forureiningslova utvida eksisterande utsleppsløyve av 13.08.2007 med endring av 31.12.2012 gitt til Tafjord Kraftvarme AS for brenning av avfall. Det gis no løyve til brenning av 2000 tonn kloakkslam som inneheld spor av bromerte flammehemmarar. Løyvet er gitt på nærare spesifiserte vilkår med utvida krav til analyse av røykgass og forbrenningsrestar.

Det mellombelse løyvet gjeld fram til 01.02.2018. Ei eventuell forlenging kan berre finne stad etter ny søknad, som vil bli vurdert på bakgrunn av evaluering av perioden og resultat frå analysar.

Vedtak med løyve kan lesast via lenka under relaterte dokument til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.