Nordøyvegen – mudring og utfylling i Haram kommune

Fylkesmannen gjev Statens vegvesen løyve til tiltak i sjøen mellom Lepsøya og fastlandet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.05.2017

Vegvesenet skal fylle ut med totalt 701 000 m3 med sprengstein og mudre totalt 25 000 m3 fordelt på fleire delområde mellom Skjeltene, Lepsøya, Hestøya, og dei mindre øyene imellom. Tiltaka omfattar også noko sprenging. Tiltaka skal etter plana startast opp i 2018 og ferdigstillast i 2022. Forureina muddermassar vil bli frakta til godkjend deponi.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.