Utsleppsløyve frå slakteri i Gjemnes

Øre Vilt SA har 21.09.2016 fått utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.09.2016

Utsleppsløyvet gjeld produksjon av 185 tonn slakt per år. Løyvet regulerer mellom anna utslepp til vatn og støy. Det er stilt krav til målingar av utslepp og rapportering til forureiningsmyndigheitene.

Løyvet kan lesast via linken til høgre. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Vedtaket om løyvet kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.