Halliburton AS gis løyve etter forureiningslova til mellomlagring av farleg avfall i Kristiansund

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt løyve til Halliburton AS til å mellomlagre farleg avfall på Vestbase i Kristiansund kommune. Løyve gjeld eit årleg mottak av inntil 50 000 tonn med avfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2017

Halliburton AS hadde frå tidlegare løyve fra Miljødirektoratet til behandling av farleg avfall ved sitt anlegg på Vestbase i Kristiansund. Etter ein gjennomgang av verksemda er det kome fram at dei ikke driv med behandling av farleg avfall ved anlegget, men at dei kùn samlar inn og mellomlagrar farleg avfall.

Løyve frå Miljødirektoratet vart kalt attende 7. november 2016 og myndigheit for verksemda vart overført til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Nytt løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall gjeld same mengde og type avfall som tidlegare løyve frå Miljødirektoratet.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.