Løyve til Stranda Transport & Gjenvinning AS

Stranda Transport & Gjenvinning AS har 6.6.2017 fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg for mottak av avfall på Kjølen i Stranda kommune. Løyva gjeld mottak og sortering av næringsavfall, mottak og mellomlagring av farleg avfall og er basert på ei årleg behandling av inntil 6250 tonn næringsavfall pr. år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2017

Løyva regulerer bl.a. krav til mottaket, kva for avfallstypar som kan takast imot, lagringstid for avfall og støy. Det er stilt krav om rapportering til forureiningsmyndigheitene.

Kopi av løyva og innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Vedtaket om å gi løyve kan klagast til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.