Fem nye skogområde er verna ved frivillig vern
Fem område i Møre og Romsdal vert naturreservat. Slik ønsker regjeringa å sikre at store naturverdiar blir tatt vare på for kommande generasjonar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Naturreservata vart oppretta av regjeringa 16. desember 2022 og ligg i Tingvoll, Rauma, Vestnes og Vanylven.
I Aspa, Lerheim og Ramshaugen naturreservat finn vi store naturverdiar knytt til edellauvskog. Her finst mellom anna gamle almar og sjeldne orkidear og lav.
Knausnakken naturreservat er ein artsrik og uvanleg velutvikla gammal boreal lauvskog. Med boreal lauvskog meiner vi skog som inneheld nordlege kuldetolerante lauvtreslag, som veks utanfor granas utbreiingsområde.
I tillegg er Gråura naturreservat utvida. Det går no også inn i Sunndal i tillegg til Oppdal. Gråura er ei stor og bratt bekkekløft. Området er utruleg rikt på naturtypar. Det er del av eit stort område som inneheld nokre av dei høgste konsentrasjonane av raudlisteartar som er påvist i kløftemiljø i Noreg. Dei aller største verneverdiane er knytt til den gamle boreale lauvskogen som har urskogspreg.
Tidlegare har ikkje gammal boreal lauvskog og rik edellauvskog vore verna i stor grad. Desse nye naturreservata er derfor viktige tilskot for å sikre mangfald i skogvernet.
Skal ta vare på biologisk mangfald
Noreg har forplikta seg til å ta vare på det biologiske mangfaldet gjennom internasjonale avtaler og nasjonale målsettingar. Eitt av tiltaka er vern av viktige skogområde for å bevare eit representativt utval av ulike skogtypar for kommande generasjonar. Nær halvparten av alle truga artar i Noreg lever i skogen, og gjennom vern sikrar vi leveområde for artane.
Vern av skog har dei siste 20 åra vore eit prioritert område for verneplanarbeidet i Noreg.
Dette er ei velfungerande ordning der både grunneigarar og forvaltninga er godt nøgd med resultata.
Ingen interessekonfliktar
Statsforvaltaren har vurdert konsekvensane av vernet og komme fram til at det ikkje kommer i konflikt med andre interesser, som til dømes skognæring.
Vedtaket frå regjeringa vil gjere at om lag 1,9 km2 skog blir verna i fylket.
At skogen blir verna fører med seg restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan bidra til endringar i naturmiljøet er forbode. Å oppføre nye bygg, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel med meir vil ikkje vere lovleg. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad.
Vanlege friluftslivsaktivitetar vil kunne halde fram som før. Vernet er ikkje til hinder for vanleg ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.
Kontaktpersonar
-
Ola Betten
Tlf: 71 25 84 76 / 95 11 17 67 -
Hege Steigedal
Tlf: 71 25 84 80