Statsforvaltaren stadfestar reguleringsplan for ny E136 på Veblungsnes
Rauma kommune sitt vedtak om ny vegtrasé for E136 på Veblungsnes er stadfesta godkjent.
Nye Veier AS skildrar at E136 mellom Ålesund og Dombås er det viktigaste vegsambandet mellom det sentrale austlandsområdet og Nord-Vestlandet. I dag går E136 gjennom tettstaden Veblungsnes i Rauma kommune, der det ligg bustadar tett inntil vegen.
Ny vegtrasé skal sikre trafikktryggleik og bustadmiljø
Kommunen vedtok i juni 2023 ein reguleringsplan som legg til rette for ny vegtrasé i området. Formålet med plana har vore å betre framkomelegheita og trafikktryggleiken, samt å ivareta bustadmiljøet på Veblungsnes.
Rauma ullvarefabrikk og Grytten kyrkje
Kommunens planvedtak blei klaga på av Rauma ullvarefabrikk og ein annan grunneigar i området. Ullvarefabrikken meiner planen forverrar tilkomsten til fabrikkområdet både for tungtransport og for andre som vil besøke fabrikken. Andre klagepunkt har mellom anna vore vegens innverknad på bustadmiljøet i området og vegens innverknad på Grytten kyrkje.
– Ved vedtak av reguleringsplanar, har kommunen stor grad av sjølvstyrerett. Dersom saka er forsvarleg utgreidd, skal det svært mykje til for at Statsforvaltaren opphevar planvedtaket, seier seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren, Andreas Welle Rusten.
Forsvarleg utgreidd
Han fortel at Statsforvaltaren har vurdert at reguleringsplanens verknader både for Rauma ullvarefabrikk, bustadmiljøet og kyrkja er forsvarleg utgreidd i denne saka.
– Kommunestyret har vore kjent med planens verknader for klagarane, men likevel vedteke plana. Plana gir uttrykk for kommunens ønska arealbruk, og plana blir difor stadfesta av oss, avsluttar Rusten.