Atomberedskap
Statsforvaltaren skal koordinere den regionale atomulukkeberedskapen og bidra til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulukke. Statens strålevern er fagstyresmakt for strålevern og atomberedskap.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Atomberedskapsorganisasjonen er oppretta for å stille ekspertise til rådvelde for å handtere atomhendingar, og for å sørge for hurtig iverksetting av tiltak for å beskytte liv, helse, miljø og andre viktige samfunnsinteresser. Arbeidet er forankra i Kgl. res av 23.08.13.
Alle fylker har eit atomberedskapsutval (ABU), og utvalet vert leia av Statsforvaltaren. Gjennom Atomberedskapsutvalet skal Statsforvaltaren sjå til at vedtekne tiltak vert gjennomført i fylket, og samordne dei ulike fagorgana sin innsats for å redusere skadeverknadene av ei ulukke med radioaktivt materiale.
Samarbeid med kommunane er viktig, både når det gjeld iverksetjing av tiltak og formidling av informasjon til publikum.
Plangrunnlag for den kommunale atomberedskapen
Statens strålevern har i samarbeid med fylkesmennene utarbeidd eit plangrunnlag for kommunal atomberedskap. Målsettinga med dokumentet er å gi kommunane eit grunnlag for å integrere atomberedskap i dei kommunale kriseplanane.
Meir informasjon finst på Statens strålevern sine nettsider om atomberedskap.
Kontaktpersonar
-
Stine Sætre
Tlf: 71 25 84 85 / 95 22 44 19