Tilbod til vaksne med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester

Søknadsfrist:
31. mars 2023 23:59
Målgruppe:
Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblematikk og eventuell samtidig valdsproblematik, som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kven kan søke:
Kommunar. Sjå tillegg og presiseringar under punkt 3 i regelverket
Rapporteringsfrist:
1. april 2023 23:59

Tilskotet skal styrke tilbodet til personar med langvarige og samansette tenestebehov gjennom å etablere heilskaplege, samtidige og tverrfaglege tenester frå ulike nivå og sektorar.

Publisert 15.02.2023

I prioritering 2 i tilskotet inngår også samhandling og tilbod til pasientar med særleg krevjande og samtidige hjelpebehov.

Tenestetilboda skal utviklast og setjast i verk saman med brukarar/pasientar.

Søknad om tilskot 2023

Det er gjort nokre endringar og tydeleggjeringar i regelverket for i år. Vi oppmodar difor om å lese regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjemaet.

Søknadsskjema og regelverk finn de på heimesida til Helsedirektoratet.

Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 31. mars.

Rapportering på tilskot for 2022

Skjema for rapportering finn de på tilskotssida til Helsedirektoratet. Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 1. april 2023.

Søknadsfrist:
31. mars 2023 23:59
Målgruppe:
Vaksne med alvorlege psykiske helseutfordringar og eller rusmiddelproblematikk og eventuell samtidig valdsproblematik, som har langvarige og samansette behov for behandling, rehabilitering, oppfølging og støtte
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kven kan søke:
Kommunar. Sjå tillegg og presiseringar under punkt 3 i regelverket
Rapporteringsfrist:
1. april 2023 23:59