Tilskot til bustadtiltak

Søknadsfrist:
1. juni 2023 23:59
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Husbanken
Kven kan søke:
Frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar, kan søke om tilskot til å utvikle nye metodar, konsept og løysingar i det bustadsosiale arbeidet. Dei kan òg søke om tilskot til kunnskapsutvikling og -formidling, informasjon til målgrupper og bustadsosiale utgreiingar. Kommunar kan søke om tilskot til bustadsosiale tiltak dersom prosjekta er særlege nyskapande og bli anteke ha stor overføringsverdi til andre. Kommunar kan søke tilskot til tiltak som bidreg til at barnefamiliar og låginntektsgrupper får moglegheit til å etablere seg i pressområde.

Tilskotet frå Husbanken skal legge til rette for fleire eigna bustader i heile landet gjennom testing av nye bustadtiltak. Tilskotet skal stimulere til kunnskapsutvikling, nytenking og innovasjon.

Publisert 02.05.2023

Målet med tilskotet er å støtte prosjekt som på ulike måtar bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden og bidreg til at alle kan skaffe seg, og behalde, ein god bustad, uansett kor i landet du bur. Tilskotet støttar regjeringa sin strategi for den sosiale bustadpolitikken: Alle treng ein trygg heim (2021-2024).

Tilskotet kan gå til:

  1. Tilskot til bustadsosiale tiltak
  2. Tilskot til bustadtiltak i distrikta
  3. Tilskot til leigebuarorganisasjonar

Les meir om prioriteringar, om vurderingskriterium og korleis du søker på Husbanken sine nettsider ...