Vi har i episerver løysinga til fylkesmenna lagt opp til ein rollemodell som vil vere lik i kvart embete. Det er for kvart embete oppretta tre roller, som vil styre kva ein får gjere i episerver. NB:Alle brukarar kan no slette artiklar dei sjølv har oppretta, bilete og dokument dei har lagt inn.
rEpi FMXX WebAdmins – Webredaktør
• Kan lage alle *list sider
• Kan redigere koplingar, bilete, snarvegar og botntekst framsida
• Kan opprette sider under kategori/temaside eks Barn og Familie
• Og elles alt som dei to andre rollene har
rEpi FMXX WebEditors – Skribenter som kan publisere
• Kan opprette sider under kjernesider for eksempel barnevern
• Kan legge til lokal tekst på kjernesider (ikkje på kategorisidene)
• Kan opprette nyheter
• Kan opprette kurs, konferansar, tilsyn og høyringar
rEpi FMXX WebWriters – Skribenter som må sende til godkjenning
• Kan opprette same sider som WebEditors men må sende alt til godkjenning
I tillegg til desse rollene, finnes ei Administratorrolle som berre vert nytta av IKT- forvaltning og IKT-utvikling hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Denne skal ha tilgang til alle sider. Rolla Everyone som ligg inne på alle sider, skal berre ha lesetilgang og er til for at publikum skal kunne sjå sida.
Kven avgjer kva roller den enkelte skal ha
Webredaktør i det enkelte embete må avgjere kven som skal ha dei ulike rollene. Nokre embete vil kanskje ha fleire med Webredaktørrolle, medan andre berre vil ha ein person som har denne rolla.
Korleis gje personar roller
IKT-avdelinga i kvart enkelt embete legg personane inn med rollene dei skal ha, i felles AD
Treng ein person å ha fleire roller?
Nei, rolla WebEditors vil ha sine rettighetar pluss dei som ligg i rolla WebWriters. Rolla WebAdmins vil ha sine rettighetar pluss rettighetane som ligg i rollene WebEditors og WebWriters.
Kvifor er det «hengelås på alle sider»?
Ein vil få eit hengelåssymbol ved sider ein ikkje har tilgang til å redigere. Med WebEditors rolla kan det når ein først ser på filstrukturen sjå ut som ein ikkje har rettighet til å gjere noko. Når ein klikkar seg inn i filstrukturen vil ein sjå kvar ein kan opprette og endre sider.