test2
Fylkesmannen ber om opplysingar frå alle Nav-kontor i Vestland om kvalifiseringsprogrammet, vilkår om aktivitet for mottakarar av økonomisk stønad under 30 år, og korleis digitalisering påverkar tilgjenge til og kvalitet på dei sosiale tenestene. Informasjonen vil mellom anna inngå i vår årsrapportering til Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skjema skal fyllast ut av Nav-leiar eller annan Nav-tilsett med delegert mynde.
Praktisk informasjon
Lenke til det elektroniske skjemaet finn de her: https://fmsffmedocvwr.fylkesmannen.no/eDocument.Viewer/Fylkesmannen/bruker?retur=%2feDocument.Viewer%2fFylkesmannen%2fKVP&shortname=KVP
Når de har svara på spørsmåla i det elektroniske skjemaet, vel de at svara skal sendast til Fylkesmannen i Vestland. Dette er eit nasjonalt skjema som kan nyttast av alle fylkesmannsembete i landet.
Oversikt over kva spørsmål vi ønskjer svar på ligg under fana «Dokument».
Vi ber om svar seinast innan 6. januar 2021.
Vi sender ut eige brev til Nav-kontora ved Nav-leiar om rapporteringa.