Skriv gode garantivedtak - ikkje få saka i retur
Økonomireglane i den nye kommunelova av 22. juni 2018 nr. 83 er sett i verk frå 1. januar 2020. I lova er det nye reglar for kommunale garantiar. Ei ny forskrift om garantiar og finans- og gjeldsforvaltning av 18. november 2019 nr. 1520 gjeld også frå 1. januar 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Loven bestemmer at det er forbod mot garantiar for næringsverksemd og garantiar med vesentleg økonomisk risiko.
Forskrifta har reglar om krav til innhald i garantivedtak, varigheit for garantiar og grensa for når garantiane er så små beløp at dei ikkje skal ha godkjenning.
Det er viktig å vere nøye med at garantivedtaka oppfyller krava til innhald. Om ikkje må kommunestyret eller fylkestinget fatte vedtaka på nytt.
Krav til innhald i vedtak
Krava til innhald i vedtak står i forskrifta i § 2.
Eit garantivedtak skal vise:
a) kven garantien er stilt for
b) kva føremål garantien gjeld for
c) kva slags type garanti som er stilt
d) det maksimale beløpet som det vert garantert for og korleis beløpet eventuelt vert redusert i garantiperioden
e) kva tidspunkt garantien gjeld frå og når den stansar
f) om departementet må godkjenne vedtaket etter kommunelova § 14-19
Departementet godkjenner garantivedtak for fylkeskommunane. For kommunane er det fylkesmannen som godkjenner garantivedtaka.
Beløpsgrensa for små beløp er heva
I forskrifta i § 4 står også beløpsgrensa for små beløp for kommunane, garantibeløp som ikkje treng godkjenning av fylkesmannen:
- 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
- 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
- 4 000 000 kroner for kommunar som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
- 7 000 000 kroner for kommunar som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
- 10 000 000 kroner for kommunar som har over 100 000 innbyggarar
For fylkeskommunane er beløpsgrensa for små beløp 10 000 000 kroner.
Det er talet på innbyggarar i kommunen 1. januar året før garantivedtaket, som avgjer kva som er beløpsgrensa for kommunen.
Merk særleg at om garantien er gitt for små beløp, som ikkje skal ha godkjenning frå departement eller fylkesmann, skal det stå i garantivedtaket at garantien er ugyldig om mottakaren av garantien forstod eller burde ha forstått at den er i strid med kommunelova § 14-19 første ledd første punktum. Det vil si at garantien inneberer vesentleg økonomisk risiko eller er stilt for næringsverksemd.