Avslag på vidare fellingsløyve for ulv
Fylkesmannen har gitt avslag på søknad om forlenga skadefellingsløyve på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det har tidlegare vore gitt fellingsløyve til Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelag, og Gaular beitelag etter ulveskade på eit lam i Guddalen. Dette løyvet er søkt forlenga, grunngjeve med eit høgt skadepotensiale i eit område med mange dyr på beite.
Det er ikkje gjort nye observasjonar av ulv eller funn av skada beitedyr i området i perioden som førre fellingsløyve gjaldt. Fylkesmannen finn difor at grunnlaget for å gje løyve til skadefelling ikkje lenger er til stades, og har avslått søknaden.
Dersom nye skader oppstår, eller nye bekrefta observasjonar av ulv vert gjort, vil saka raskt kunne vurderast på nytt av Fylkesmannen.