test - lenker

Nydyrka jordbruksareal. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Drenering, nydyrking, bruk av overskotsmassar og meir køyresterk jord og betre driftsvegar er gode måtar for å sikre og auke matproduksjonen på garden. 

God drenering er avgjerande for å auke matproduksjonen på i framtida og tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedvbør. God drenering reduserer faren for erosjon og overfalteavrenning av næringsstoff frå jordbruksareal og medverkar til god vasskvalitet og godt vassmiljø. 

Kommunen fastset søknadsfrist, handsamar søknad og gjer vedtak om dreneringstilskot. 

Fylkesmannen er klageinstans. 

Nydyrking er ein av fleire måtar å auke matproduksjonen på. Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av jord eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år. Vil du dyrke nytt areal til jordbruksføremål, må du søkje kommunen. 

Større teigar, meir køyresterk jord og gode driftsvegar kan vere naudsynt for vidare produksjon på garden. Mykje jordbruksareal er dårleg arrondert og det er trong for enklare drift. Slike tiltak må skje med omsyn til både miljø, kulturminne og naboar og krev oftast søknad til kommunen. 

Nydyrking og planering har eige regelverk medan mottak av jord og stein frå anleggsarbeid krev ekstra vurderingar frå kommunen. Rørlegging i bekkar og fjerning av steingardar må bli vurdert opp mot natur- og kulturverdiar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.