Kari

2020 var året då «alle» gjekk tur i Noreg. Men stengde hytter gjorde at stadig færre melde seg inn i Den Norske Turistforening.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
– Mange melder seg inn fordi dei skal overnatte på hyttene eller vere med på ein tur. I fjor var det mindre av dette, seier Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag.
I fjor mista fylkeslaget 282 betalande medlemmar. Ei avspegling av den nasjonale trenden. Totalt sett mista Den Norske Turistforening (DNT) 1,5 prosent av alle medlemma i 2020, som tilsvarar om lag 5000 medlemmar.
– Det kan vere ein «naturleg» svinging, men også et resultat av at folk ser at dei ikkje kan nytte hyttene. Då fell ein viktig medlemsgrunn bort, seier Andre Horgen, som undervisar i friluftsliv ved Universitetet i Telemark (USN).
Han legg til:
– Så spørst det om tala tek seg opp att når pandemien er over.
Opplever at det stagnerer
– Generelt ser me at nokre organisasjonar opplever medlemsvekst, medan andre opplever at det stagnerer. Men bruken av friluftsliv har auka mykje, seier Bente Lier.
Ho er generalsekretær i Norsk friluftsliv, ein paraplyorganisasjon for 18 friluftsorganisasjonar med til saman 950.000 medlemmar.
2020 har vore full av paradoks. Samstundes som at Den Norske Turistforening mista medlemmar hadde turportalen deira UT.no ein trafikkvekst på 71 prosent.
2020 var også året då «alle» skulle sove ute i hengekøye, og enkelte turmål hadde meir enn 350 prosent auke i besøk.
Og i haust sa 80 prosent av DNT sine medlemmer at dei planla å reise til fjells.
– Dette bekreftar at friluftslivet held stand som ein viktig arena for avkopling og avveksling i ein tid der det meste skjer heime, uttala Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.