Oppstart forvaltingsplanar for fire våtmarksområde i Fræna kommune

Fylkesmannen startar arbeidet med forvaltingsplanar for naturreservata Hostadvatnet og Hustadvassdraget, og fuglefredingsområda Aureosen og Sylteosen. Det vert halde informasjonsmøte 22. og 23. april 2013.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.04.2013

Forvaltingsplanane skal ha målsettingar for tilstanden til verneverdiane og brukarinteressene i verneområda. Vidare viser planane korleis verneforskriftene skal tolkast og praktiserast. Til slutt foreslår ein tiltak som restaurering, skjøtsel, overvaking og informasjon.

«Ein forvaltingsplan medfører ikkje noko skjerping i restriksjonsnivået eller nytt vern» understrekar seniorrådgjevar Ola Betten.

Mogelege tiltak i planane kan bli:

  • Motverke gjengroing ved slått, rydding og husdyrbeiting i områda
  • Fjerne framande planter som sitkagran og rynkerose
  • Informere om verneverdiane gjennom skilting

Fylkesmannen held informasjonsmøte:

Bygdahuset Vonheim, Malmefjorden, måndag 22. april kl. 19.30 (Aureosen og Sylteosen)

Frænabu, tysdag 23. april kl. 19.30 (Hostadvatnet og Hustadvassdraget)

Vi oppmodar alle interesserte til å gje innspel til planarbeidet innan 1. juni 2013 til:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshusa, 6404 Molde eller på fmmrpostmottak@fylkesmannen.no .

Kontaktperson: Seniorrådgjevar Ola Betten tlf. 71 25 84 76, 951 11 767

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.