Ønskjer kandidatar til kulturlandskapsprisen
Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil også i år dele ut sin kulturlandskapspris. Prisen skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkar seg med miljøvennleg drift. Vi inviterer alle til å kome med forslag til prisvinnar før 15. august 2013.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 02.07.2013
Aktuelle kandidatar skal vurderast etter desse kriteria:
- At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i landskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
- At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer. Kandidatane bidreg dermed til eit opnare landbruk i tillegg til eit ope landskap
- At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden
- At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og andre miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta
- At drifta tek omsyn til miljøutfordringar på bruket og i nærområdet
Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men mottakar(ane) av prisen må vere ein god ambassadør for bygde-Noreg og for landbruket. Det er ein føresetnad at det er aktiv drift, og at bruket oppfyller visse miljøkrav.