Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014
Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014 tildelt Storfjordens Venner av Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fredag 11. juli var ein stor merkedag på Ytste Skotet i Stordal kommune. I strålande sommarver mottok Storfjordens Venner Den nasjonale kulturlandskapsprisen av Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Det er Lanbruks- og matministeren som leier juryen og i år var det 33 kandidatar det stod mellom. Juryen var samrøystes. Prisen på 50.000 kr og eit kunstverk av Hans Normann Dahl vart motteken av leiar Kjell Løseth. Under lunsjen på låven var det helsingar og gratulasjonar frå fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunen. Omlag 40 gjester var med på prisutdelinga, fleire av dei har vore med heilt frå foreininga var skipa. Dette er første gong Den nasjonale kulturlandskapsprisen går til Møre og Romsdal.
Storfjordens Venner har gjort ein ekstraordinær innsats for å halde vedlike dei veglause fjord- og fjellgardane i Storfjorden. På den måten har dei formidla kunnskap om levemåte, gardsdrift og byggeskikk. Storfjordens Venner starta med desse arbeida i 1975 og dei har vore med i nærare 70 restaureringsprosjekt på 20 ulike bruk. Berre på Ytste Skotet er det 14 bygningar det er teke godt vare på.