Fagdagar for lokalmat
MRmat 2015 vert arrangert på Hustadvika Gjestegård og Fræna vidaregåande skole 4. -5. februar. Dette er eit årleg arrangement som har som mål å inspirere og utvikle lokalmatbedriftene i fylket. Arrangørar er Matnavet på Mære og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 09.01.2015
Programmet byr på aktuelle kurs og foredrag innan foredling av mjølk, kjøt, frukt og bær, servering av lokal og økologisk mat, baking og ølbrygging. Ei rad kurshaldarar med spisskompetanse på sitt felt vil vidareformidle kunnskap om mellom anna handverksbaking, ølkvalitet, ysting og menyutvikling.