Berekraftig utvikling i skulen
Seks filmar med tilhøyrande refleksjonsoppgåver gir støtte til lokal kompetanseutvikling i Berekraftig utvikling. Dette er eitt av tre tverrfaglege tema i dei nye læreplanane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Senter for samarbeidslæring for bærekraftig utvikling (CCL) har i oppdrag frå Statsforvaltaren utvikla refleksjonsoppgåver for skulane i Møre og Romsdal til støtte i arbeidet med det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling. Refleksjonsoppgåvene er knytt til filmar som CCL har produsert, og som er direkte knytt til temaet.
Teori og praksis
Dei to første filmane gir ei innføring i det pedagogiske og didaktiske rammeverket for berekraftig utvikling, og viser til korleis ein kan arbeide med å planlegge ei tverrfagleg undervisning. Målet er å skape ei felles forståing for dei ulike omgrepa og teoriane som vert lagt fram i filmane, og å knytte dette til eigen praksis. Vi blir også presentert for modellar for fleirfaglege, tverrfaglege og transfaglege undervisningsopplegg med fokus på aktive læringsmetodar.
Resten av filmane er instruksjonsvideoar knytt til døme på konkrete aktivitetar som ein kan ha som utgangspunkt i undervisningssituasjonar.
Styrkar profesjonsfellesskap og skuleutvikling
Samla vil filmane og refleksjonsoppgåvene kunne nyttast for å styrke profesjonsfellesskap og skuleutvikling med tanke på korleis ein forstår og integrerer temaet berekraftig utvikling i LK20. Refleksjonsoppgåvene er laga for kollektivt arbeid, men nokre delar kan også nyttast individuelt.