To skolar er nominert
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har nominert Eidsvåg b/u skole og Midsund Montessoriskule til Dronning Sonjas skolepris 2019.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 04.09.2019
Dei to skolane går difor vidare i den landsomfattande konkurransen om å være best i landet på å praktisere likeverd og inkludering i skolekvardagen. Kriteria for å søke om prisen er mellom anna at skolen:
- jobbar langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
- praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar einskild elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverking, tryggleik og fellesskap
- Er god på positive relasjonar mellom elvane og dei tilsette, elevane imellom samt eit godt samarbeid mellom skole og heim
Vi ønskjer dei to skolane lykke til vidare i konkurransen!