Gangen i ei separasjon- og skilsmissesak

Person skriver på PC

Skal du sende inn ein søknad om separasjon eller skilsmisse og er usikker på saksgangen? Her gir vi deg ei kortfatta oversikt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.03.2023

Innsending av søknad om separasjon eller skilsmisse

Søknad om separasjon eller skilsmisse kan sendast inn av eine ektefellen åleine eller av ektefellane saman. Søknaden kan sendast inn anten på papir eller elektronisk. Den elektroniske løysinga bidreg til ei meir effektiv sakshandsaming hjå Statsforvaltaren. Elektronisk innsending av skjema er ei trygg løysing som krev Min ID eller BankID for å logge inn. For å nytte elektronisk skjema må du ha nettlesar av typen Google Chrome eller Firefox.

Lenkje til papirskjema og elektronisk søknadsskjema finn du og vedlagt denne artikkelen.

I søknadsskjemaet finn du rettleiing om korleis søknaden skal fyllast ut og kva dokumentasjon som er naudsynt å leggje ved.

Saksgang hjå Statsforvaltaren

Komplett søknad frå begge ektefellane

Statsforvaltaren byrjar med å undersøke om søknaden oppfyller alle krav. Dersom søknaden kjem frå begge ektefellane og søknaden oppfyller krava, gir statsforvaltaren separasjon- eller skilsmisseløyve og avsluttar saka. 

Søknad med manglar

I nokre tilfelle har søknaden manglar. Til dømes kan underskrifta til ein av ektefellane mangle dato eller det manglar naudsynt dokumentasjon. Vi tek då kontakt med søkjaren og gir rettleiing om kva som må rettast. Vi set samtidig ein frist for å rette søknaden. Dersom vi ikkje mottek svar innan fristen, kan søknaden verte avvist.

Søknad frå berre den eine ektefellen

Dersom vi mottek søknad berre frå den eine ektefellen, sender vi søknaden i kopi til den andre ektefellen. Vi legg ved eit dokument som vi ber ektefellen signere dersom vedkomande ynskjer å medverke til søknaden.

Så lenge føresetnadane er oppfylt, har ein ektefelle krav på separasjon eller skilsmisse sjølv om den andre ektefellen ikkje medverkar. I desse tilfella må Statsforvaltaren sørgje for at saka vert kjent for den andre ektefellen. Dette gjer vi ved å sende eit forkynningsbrev. I brevet ber vi den andre ektefellen om å signere for å bekrefte at brevet er mottatt. Dersom vi ikkje mottek svar, ber vi Namsfogden om hjelp til å gjere saka kjent for ektefellen. I dei tilfella ektefellen oppheld seg i utlandet, ber vi myndigheita i det aktuelle landet om å gjere saka kjent for ektefellen. Dette kan vere ein tidkrevjande prosess.

Ektefelle med ukjend adresse

Der ektefellen har ukjent adresse vert saka slått opp i Norsk lysingsblad før separasjon- eller skilsmisseløyve vert gitt. Dette er ein måte å gjere saka kjent for den andre ektefellen der vi ikkje har anna kontaktinformasjon.

Manglande føresetnader for separasjon eller skilsmisse

I dei tilfella der føresetnadane for å gi separasjon eller skilsmisse ikkje er til stades avviser Statsforvaltaren søknaden. Eit døme er der partane ikkje har flytta frå kvarandre i separasjonstida.  

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstida i ein separasjon- eller skilsmissesak varierer frå fire veker i dei tilfella ektefellane sender ein komplett søknad saman, til opp mot eit år der saka må forkynnast for den andre ektefellen i utlandet.

Utsending av separasjons- eller skilsmisseløyve

Separasjon- eller skilsmisseløyve sendast ut når alle føresetnader er oppfylt og eventuell klagefrist har gått ut. Løyvet mottek du anten i ordinær post eller i di digitale postkasse.