Informasjon om kommunale sosiale tenester

Det er ved årsskiftet sendt ut informasjon frå Arbeids og inkluderingsdepartemnentet som er viktig for arbeidet med dei sosiale tenestene i kommunane. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.01.2023
  • Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen sendte den 16.12.22 ut brev til alle kommunane (sjå vedlegg). Dette brevet handla først og fremst om ekstra økonomisk stønad til jul. På slutten av brevet informerte ho om at det i februar skal utbetalast ein eingongsstønad på kr 3000,- til uføre som mottek minstesats. Eit fleirtal på stortinget «understreker at intensjonen er at engangsbeløpet skal komme uavkortet fram til uføre på minstestønad som et påslag i dagens situasjon med høye kostnader, og vil sterkt oppfordre kommunene om ikke å avkorte økonomisk sosialhjelp som følge av engangsbeløpet».
  • Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad er og sendt ut til alle kommunar (sjå vedlegg)
  • Ny rettleiar om økonomisk sosialhjelp er ferdig  https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/samarbeid/for-kommunen/ny-veileder-om-okonomisk-stonad-etter-sosialtjenesteloven. Rundskrivet til sosialtenestelova gjeld sjølvsagt framleis.  

Med bakgrunn i høg prisstigning og auka levekostnadar ønskjer Statsforvaltaren i Møre og Romsdal å streke under at det er svært viktig at alle som søkjer om økonomisk stønad etter sosialtenestelova blir godt kartlagt og at det blir gjort konkrete og individuelle vurderingar av behovet. Dei statlege rettleiande satsane er berre eit utgangspunkt for utmåling av stønaden

Vi nyttar og høve til å informere om at det før jul blei vedteke ny «lov om kommunars ansvar for det boligsosiale feltet». https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Saker/Sak/?p=89831. Den vil gjelde frå 01.07.23

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.