Beredskap: Sosial kontroll og æresrelatert vald
Alle barn og unge har rett til å bli beskytta mot negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Offentlege tenester og skoler har ei viktig rolle i det førebyggande arbeidet. Dei plikter å hjelpe barn og unge som er utsett.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sommarferien er ei tid da mange reiser til utlandet. Nokre barn og unge opplever å bli tatt med til utlandet mot sin vilje og/eller bli haldt tilbake ved feriens slutt. For nokre er utanlandsreisa ei risiko for tvangsekteskap, æresrelatert vald eller kjønnslemlesting.
Viktig å gripe inn før avreise
Regjeringa sitt brev blir sendt ut for å minne om behovet for særskilt merksemd før sommarferien.
Når utsette personar er i utlandet og ber om hjelp, er det begrensa kva norske myndigheiter kan gjere, sjølv om dei utsette er norske statsborgarar eller har lovlig opphald i Norge.
Å førebygge at barn og unge vert utsett for skadelege utanlandsopphald er derfor svært viktig.
Kven er brevet til?
Regjeringa har sendt dette brevet til alle landets kommuner, fylkeskommuner og statsforvaltarar. Dei oppmodar oss til å dele bodskapet vidare til offentlege aktørar som grunnskole og vidaregåande skoler, oppfølgingstenesta, helsestasjons- og skolehelsetenesta, fastlegar, psykisk helseteneste, NAV-kontor, barnevernsteneste, familievernet, flyktningtenesten og vaksenopplæringa.