Koronavirus og tenestene til personar som har ei utviklingshemming
Kommunane er i ein vanskeleg situasjon og har mange ulike problemstillingar som følgje av koronapandemien.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har lagt ut informasjon om at helse- og omsorgstenestene i mange tilfelle no blir endra, men at noverande regelverk framleis gjeld. Eventuelle endringar må ha heimel i lov. Kommunane må framleis følgje regelverket og Helsedirektoratet har laga ein rettleiar om korleis ein skal forstå rettsgrunnlaget for gjennomføring av smitteverntiltak.
I tenesta til personar som har ei utviklingshemming, kan det av ulike grunnar oppstå særlege utfordringar knytt til det å skulle gi forsvarlege tenester. Vi oppmodar alle som arbeider i desse tenestene til å halde seg oppdatert på NAKU sine nettsider der det er informasjon spesifikt om korona og utviklingshemming, og all informasjon der er kvalitetssikra av Helsedirektoratet. I tillegg er informasjon å finne på Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet sine nettsider.
Kommunane må i den situasjonen vi står i no, som elles, legge til rette for gode miljøtiltak og gjere individuelle vurderingar i kvar einskilde sak. Vi oppmodar til at faglege spørsmål blir retta til Spesialisert habilitering for barn og vaksne i tråd med Helsedirektoratet sin rettleiar "Koronavirus - beslutninger og anbefalinger". Sjå særleg på kapittel 2 om kapasitet i helsetjenesten og kapittel 6 om smittevern. Sjå også særleg det som gjeld heimebaserte tenester i kapittel 5, 5.3 om tiltak som reduserer smitterisiko for personar med utviklingshemming.
Vi vil igjen rose den jobben kvar og ein legg ned i den utfordrande situasjonen de står i, til det beste for brukarane.