Ønsker møte med Molde kommune
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har kalla Molde kommune inn til møte. Temaet er kommunen sine helse- og omsorgstenester til personar som har ei utviklingshemming.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I 2019 kutta Molde kommune i tenestene til personar som har ei utviklingshemming. Personane fekk nye vedtak om tenester frå kommunen. Vedtaka innebar kutt i tenestene. Fleire personar sende klage på vedtaka til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Statsforvaltaren gav heilt eller delvis medhald i alle klagene, og vedtaka vart oppheva.
Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) har bede Statsforvaltaren om å føre tilsyn med Molde kommune. Dei vil at Statsforvaltaren skal sjå på saksbehandlinga i vedtaka til dei 58 andre personane som fekk kutt i tenestene frå Molde kommune i 2019, men som ikkje klaga.
Styrke tryggleiken
– Hausten 2019 sendte Statsforvaltaren eit brev til Molde kommune. Her informerte vi om at kommunen måtte endre praksisen sin. Dei må følgje saksbehandlingsreglane og ha sterkare brukarmedverking når dei gjer vedtak om tenester. Vi sende også følgjebrev i dei klagesakene vi behandla det året, for at kommunen skulle lære av feila som var gjort, fortel Grete Teigland, direktør på helse- og sosialavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Statsforvaltaren kontrollerer helse- og omsorgstenestene til kommunene i fylket, mellom anna via tilsyn. Formålet med tilsyn er å styrke tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene og slik også folket sin tillit til helsepersonell og helse- og omsorgstenesten.
Ønsker dialogmøte
No ønsker altså Statsforvaltaren eit dialogmøte med den administrative leiinga i Molde kommune. Møtet er satt til slutten av november.
– I møtet ønsker vi å få belyst kva Molde kommune har gjort etter vår klagebehandling i 2019 og etter det oppsummerande brevet som vi sende til kommunen same år. Kommunen bør ha evaluert og eventuelt korrigert dei 58 sakene. Dei bør også ha endra praksis for saksbehandling i tråd med våre tilbakemeldingar og krava til internkontroll, seier Teigland.
I etterkant av møtet vil Statsforvaltaren vurdere behovet for vidare tilsynsoppfølging av kommunen.