Strenge innreisereglar til Norge
I utgangspunktet får berre nordmenn, og utlendingar som er busett i Norge høve til å reise inn i landet. Dette gjeld også EØS-borgarar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nasjonalt
Obligatorisk testing, innreiseregistrering, karantene, og karantenehotell gjeld for dei som er unnateke innreiserestriksjonane og som kan kome inn i Norge. På Regjeringa og Helsedirektoratet sine nettsider ligg detaljert informasjon knytt til dette.
Lokalt
I Møre og Romsdal er det per dags dato berre ei open grensepassering. Det er ved Vigra Lufthamn i Giske kommune. Ålesund kommune har det einaste karantenehotellet i fylket; Scandic Parken i Ålesund sentrum.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal viser elles til nyttig informasjon frå sentrale mynde knytt til innreise til Norge:
UDI (Utlendingsdirektoratet)
Regjeringa
- Oppdatert liste over kritiske samfunnsfunksjonar.
- Registrering av innreise til Norge
- Innstrammingar i ordninga med karantenehotell.
Sjøfartsdirektoratet
FHI (Folkehelseinstituttet)
Arbeidstilsynet
Helsedirektoratet