Fleire kommunar ut av Robek
Ørsta og Gjemnes kommunar har blitt meldt ut av register om vilkårsbunden godkjenning og kontroll (Robek).
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har sendt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Ørsta og Gjemnes kommunar har vunnet att økonomisk balanse og det ikkje lenger er grunn til at dei skal vere i Robek.
Både Ørsta og Gjemnes har arbeida godt dei siste åra med å få på plass gode styringssystem for budsjettarbeid og -oppfølging. Tydeleggjering av mål og prioriteringar er stikkord som vi ønskjer å løfte fram som suksesskriterier andre kommunar som skal igjennom same prosessar kan sjå til. Fylkesmannen er i alle fall godt nøgd med å kunne melde kommunane ut av Robek.
For Ørsta og Gjemnes kommune vil utmeldinga bety at dei ikkje lenger har behov for å fylkesmannen sin godkjenning av låneopptak og langsikte avtalar om leige, samt at årsbudsjettet ikkje lenger vil vere gjenstand for automatisk lovlegkontroll. Kommunane kan no rette blikket framover for å utvikle kommunen i staden for å måtte ordne opp i gamle underskott.
Tidlegare i år meldte fylkesmannen Volda kommune ut av Robek. Før det ble Vestnes og Vanylven meldt ut. Kartet nedenfor er en oversikt som viser kva for kommunar som er i Robek, kva for kommunar som har blitt meldt ut og dei kommunane som viser ein gryande økonomisk ubalanse.
Kontaktpersoner
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44