Kommuneproposisjonen 2016
Regjeringa signaliserar økonomiske rammer for neste års kommunebudsjett og kva endringar innbyggarane kan vente i tenestetilbodet frå kommunane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I kommuneproposisjonen for 2016 signaliserer regjeringa kva for økonomiske rammer kommunane kan vente neste år og kva for endringar dei får i oppgåver. I tillegg tek regjeringa opp tema som kommunereforma, lokaldemokrati og kompetanse.
Det økonomiske opplegget for 2016
Forslaget i kommuneproposisjonen 2016 inneberer vekst i samla inntekter til kommunesektoren på mellom 6 og 7 milliardar kroner. Veksten i frie inntekter vil bli på mellom 4,5 og 5 milliardar kroner. Av veksten er om lag 20 pst til fylkeskommunane og 80 pst til primærkommunane.
Veksten i frie inntekter på om lag 500 millionar kroner til fylkeskommunane er mellom anna grunna med 200 millionar kroner til fylkesvegar.
Veksten i frie inntekter til kommunane på 4 til 4,5 milliardar er mellom anne grunna med:
- 400 millionar kroner til rustiltak
- 200 millionar kroner til helsestasjon- og skulehelsetenesta
- 400 millionar kroner til fleksibelt barnehageopptak
Helsestasjon- og skulehelsetenesta
Av veksten i frie inntekter er 200 millionar kroner grunna med styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert jordmortenesta. Midlane er føreslått fordelt etter same nøkkel som tidlegare og vil kome fram etter særskilt fordeling i tabell C i grønt hefte som kjem til hausten.
Fleksibelt barnehageopptak
Regjeringa ønskjer ikkje å låse kommunane til fleire faste barnehageopptak, og satsar i staden på å styrke veksten i dei frie inntektene slik at kommunane kan tilby eit meir fleksibelt barnehageopptak. Med bakgrunn i dette styrkar regjeringa veksten i dei frie inntektene med 400 millionar kroner.
Rustiltak
Regjeringa vil styrke innsatsen på rusfeltet gjennom ny opptrappingsplan som skal bidra til kapasitet og kvalitet i tilbodet til personar med rusproblem. Opptrappingsplanen vil bli fremma for Stortinget i løpet av 2015. I 2016 er 400 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunna med auka satsing på rusfeltet. Midlane er føreslått fordelt etter sosialnøkkelen. Regjeringa vil gjennom etablerte rapporteringsordningar følgje nøye med på utviklinga i sektoren, og om kommunane følgjer opp regjeringa si satsing med tiltak innafor rusområdet.
Barnevern
Forutan at dei øyremerka styrkingsmidlane til stillingar i barnevernet er opprettheldt, blir det våren 2015 lyst ut ei prøveordning der kommunar kan få endra ansvar for barnevernstenesta for å generer kunnskap og erfaringar til ei framtidig strukturreform innan barnevernet.
Samhandlingsreforma
Kommunane vil frå 1. januar 2016 plikte å syte for augeblikkeleg hjelp døgnopphald for pasientar med somatiske sjukdommar. Kommunane får difor innlemma dei øyremerka midlar i rammeoverføringane. Frå 2017 kan kommunane få same plikt ovanfor brukarar med psykiske lidingar og rusproblem.
Selskapsskatt
Regjeringa ønskjer å stimulere til næringsutvikling gjennom at verdiskapningen skal kome lokalsamfunnet til gode. Basert på lønsgrunnlaget i privat verksemd får kommunane att ein del av veksten. Modellen med selskapsskatt tar sikte på at samla beløp utgjer eit prosentpoeng av skattesatsen på 27 pst for selskapa. Berekningar basert på tal frå 2013 og tidlegare viser at det er om lag 2,9 milliardar kroner. Innføringa vil skje frå 2016 av, men det er verdt å merke at den økonomiske verkinga ikkje vil kome før i 2017. (sjå eigen artikkel på heimesida.)
Differensiert arbeidsgivaravgift
Kommunane som fikk endra arbeidsgivaravgift og trekk i rammetilskottet får no behalde gevinsten av reduserte lønsutgifter. Regjeringa legg opp til at kommunar skal få gevinsten med ei årleg nedtrapping. Prinsippet om at ordninga skal vere provenynøytral for staten ligg fast.
Kontaktpersoner
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44