Aksjon for innsamling av mekanisk avfall
I Møre og Romsdal blir det no satsa på å samle inn og gjenvinne gammalt, utrangert mekanisk avfall. Gamle landbruksmaskiner, reiskap, oljefat, tankar og anna mekanisk utstyr blir mange plasser sett bort i kanten av eit jorde eller i skogen, når det blir utrangert. No kan det bli ei endring på det.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mekanisk avfall bør gjenvinnast
Landbruk Nordvest satsar på å etablere ein effektiv organisering, som kan føre til gjenvinning av store mengder mekanisk avfall rundt omkring i fylket. Det er også von om at prosjektet kan resultere både i endring av haldningar og i varige rutinar for innsamling av mekanisk og anna avfall i framtida også.
Landbruksnæringa har gått gjennom store endringar dei siste tiåra. Reiskap og utstyr vi brukte for 10 - 30 år sidan eller meir, er umoderne og utilstrekkelege i dagens landbruk. Utrangert utstyr har likevel ein betydeleg verdi. Verdien kan vere gjenvinning, eller kanskje til og med gjenbruk. Deponering er siste utveg. Deponering skjemmer kulturlandskapet og fører også til forureining.
Landbruk Nordvest skal drive prosjektet, og samarbeider med egne medlemmer, kommunane, landbruksnæringa, renovatørar, mottaksanlegg og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.