Kurs og påfyll for lokalmatprodusentar
I samarbeid med Kompetansenettverk lokalmat Midt-Norge arrangerast det fleire samlingsbaserte kurs for lokalmatprodusentar i Møre og Romsdal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ville vekster frå sjø og land
Kortreiste råvarer er i vinden som aldri før, og her er kurset for deg som ønskjer å nytte meir av det naturen gir til bruk i egne produkt og/eller i servering. Bli med på eit kurs som følgjer sesongane, både over og under vatn.
Kurset er for dei som driv med produksjon og servering i dag, og som er klare for å ta produkta sine til nye høgder.
Kurset er samlingsbasert og består av 3 samlinger over to dagar. Oppstart i slutten av juni 2023.
Unik opplæring og bruk av ville vekster fra sjø og land (pameldingssystem.no)
Grunnmodul Sal og Marked
Dette kurset passer for lokalmat produsentar på tvers av alle typar produksjonar. Du bør helst vere godt i gong med sal av eigne produkt for å få noko att for kurset, ettersom det går djupt inn i ulike relevante problemstillingar med mål om å styrke deg og di bedrift.
Grunnmodulen tilbyr praktisk opplæring i metodar og verktøy som gjer deg i stand til å:
• Utarbeide enkel merkevarestrategi
• Utarbeide egne kalkylar
• Utarbeide egen marknadsplan
• Utarbeide egen kommunikasjonsplan
• Teste ut digital annonsering
Kurset er samlingsbasert og består av 3 samlingar over to dagar. Oppstart haust 2023
Salg og marked (pameldingssystem.no)
Digitalt melkeforedlingskurs
Fagkurs om melketeknologi, hygiene og mikrobiologi. Kurset er spelt inn på førehand, men det vil bli pausar og samtale/spørsmål med fagressurs undervegs i kurset.
Kurset går over ein dag og er det same som blei gjennomført i mai.
Digitalt kurs i grunnleggende melkeforedling - praktisk demofilm (pameldingssystem.no)