Vegar er flaskehalsar i skogbruket
Vegane i distrikta kan gjere tømmertransporten dyrare enn nødvendig. Plansjef i Allskog illustrerte dette under skogsamlinga i Molde 5. mars, ved å vise kor mange tømmervogntog som skal til for å køyre ut ei gitt tømmermengde under ulike forhold.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Veglista for fylkes- og kommunale vegar i Møre og Romsdal fylke inneheld opplysningar om vegane sin tillatne bruksklasse, veggruppe for spesialtransport, tillaten vogntoglengde og maksimal totalvekt. Tømmervogntog er behandla særskilt, og desse kan vere inntil 24 meter lange og ha totalvekt på opp til 60 tonn. Slike bilar har fleire akslingar enn vanlege vogntog. Dei aktuelle vegstyremaktene må godkjenne kvar enkelt vegstrekning for slik transport.
Dersom vegane i eit område er godkjend for bruksklasse BK10, kan ei gitt tømmermengde køyrast ut med 8 tømmervogntog.
Dersom vegane er i bruksklassene BK6-10, inneber det at den same tømmermengda kan køyrast ut med 36 halvfulle tømmervogntog.
Bruksklasse for vegane er såleis viktig for økonomien i skognæringa, men betyr også mykje for belastninga i lokalsamfunnet. For låg klassifisering av kommunale og fylkeskommunale vegar fører også til meir trafikk og større miljøutslepp.
Kartet over fylket viser med raud farge strekningar i Møre og Romsdal med vegar i bruksklasse BK 6-10.
Kontaktpersoner
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 99 04 10 06 -
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07 / 91 88 32 36