Løyve til drift av metallsorteringsanlegg for Ålesund kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal ga den 12.12.2017 Ålesund kommune løyve til drift av metallsorteringsanlegg for botnoske fra avfallsforbrenningsanlegg. Verdifulle metall som før blei lagt på avfallsdeponi kan no nyttast på ny.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2017

Løyvet gjeld for avfallsanlegget på Bingsa i Ålesund kommune. Ålesund kommune har tatt imot botnoske frå Tafjord Kraftvarme sidan 1988. Oska er deponert på Bingsa avfallsdeponi. Ålesund kommune vil drifte eit metallsorteringsanlegg for å få ut metall frå oska. På sikt ynskjer dei å utvide til andre avfallsmassar med metallinnslag. Metall som tidlegare har vorte deponert vil no kunne tas ut og bli brukt på ny. Metallsorteringsanlegget er bygd slik at det skal gi minimale utslepp. Alle transportband er kapsla inne, og det er tak over område som må vere opne. Heile anlegget er bygd på støypt dekke, med avrenning av overflatevatn via reinseanlegg før det går til sjø. Mellomlagring av massane skal skje innandørs.

Vedtak og løyve finn du via lenkja til høgre på sida. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postobks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.