Løyve til utfylling for KB Project AS

Verksemda får løyve etter forureiningslova til å fylle ut i sjøen ved eigedomen 48/4 i Averøy kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.04.2018

Dei skal fylle ut med om lag 235 000 m3 massar over eit areal på om lag 13 740 m2 sjøbotn. Tiltaket har planlagt oppstart hausten 2018, og er venta å vere ferdig innan sommaren 2019.

Vedtaksbrev med løyve finn du via lenkja til høgre på sida.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.