Løyve til utfylling i sjø i båthamna ved Cap Clara

Fylkesmannen gjev A. Hammerø AS løyve utfylling i Molde kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.02.2017

Verksemda skal gjere tiltak i båthamna som omfattar utfylling av om lag 60 m3 med steinmassar og bygging av ei trebrygge. Plana er at tiltaka skal utførast våren 2017.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Mudring og utfylling

Mudring er definert som all forsettleg flytting av massar frå sjøbotnen. Slik aktivitet er i utgangspunktet forbode, men kan gjerast etter løyve frå Fylkesmannen i medhald av forureiningsforskrifta § 22-6.

Utfylling i sjø krev løyve frå Fylkesmannen etter forureiningslova § 11 (særskilt løyve til forureinande tiltak) dersom det er mistanke om at sjøbotnen som skal fyllast ut over er forureina. Mangeårig trafikk med båtar gjev grunnlag for slik mistanke og sedimenta i båthamner viser seg nesten alltid å vere forureina i betydeleg grad.

Klikk her for å finne meir informasjon.