Løyve til utfylling ved Steinshamn

Fylkesmannen gjev I.P. Huse AS løyve til utfylling i sjø ved Harøya i Sandøy kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.03.2017

Dei får løyve til utfylling med opp til 120 000 m3 med massar over eit areal på om lag 30 000 m2 ved eigedomane med gnr. 7 bnr. 240, 261 og 262. Det vil framleis vere tilgang med båt til eit naust sørvest for tiltaksområdet.

Tiltaket skal startast opp i 2017 og utførast etappevis i ein periode på 2-5 år. Sjøbotnen i tiltaksområdet er stadvis forureina med PAH-forbindingar og TBT. Løyvet er gyldig til 31.12.2021.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.