Statens vegvesen får mellombels utsleppsløyve

Løyvet opnar for utslepp av prosessvatn frå renovering av Ellingsøytunnelen, Valderøytunnelen og Godøytunnelen i Ålesund og Giske kommunar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.09.2017

Prosessvatnet skal reinsast i eksisterenda reinseanlegg beståande av sandfang og oljeutskiljar i botnen av kvar tunnel før det leiast til eit samlebasseng. Frå bassenget skal utsleppet leiast til minst 5 meters djup i sjøen via eit eiget, lukka røyrsystem.

Løyvet sett grenser for utslepp til vatn av olje og suspendert stoff. Det er også eit krav om å gjere målingar av ammonium og pH under tiltaka.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet ble gitt. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.