Løyve til avløpsreinseanlegg i Molde

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt løyve til nytt avløpsreinseanlegg på Cap Clara i Molde kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.07.2018

Det nye reinseanlegget vil ha ein forventa reinsegrad på 70-85 % reduksjon av suspendert stoff. Årleg vil uttaket av silslam auke med 395-490 tonn. Det nye reinseanlegget vil stå ferdig i 2020. Det er innvilga fritak frå sekundærreinsekrav. Fylkesmannen har tidlegare gjeve løyve til utslepp frå reinseanlegget på Nøisomhed. Det nye løyvet, med både dei to reinseanlegga, omfattar no heile den tettbygde delen av Molde by.

Vedtakat kan klagast inn til Miljødirektoratet av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse innan 3 veker. Klaga bør grunngjevast, og eventuelle opplysningar som kan vere viktige for saka, bør nemnast. Klaga skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Vedtak med grunngjeving og løyve etter forureiningslova kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.