Ulovleg handsaming av avfallsmassar
Statsforvaltaren har over lengre tid fått inn meldingar om ulovleg handtering av avfallsmassar. Det kan sjå ut til at problemet gjeld for heile fylket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren har i lang tid fått inn signal om at ein del avfallsmasser, som til dømes sand frå sandblåsing (blåsesand), betongrestar, forureina jord og liknande, i mange tilfelle vert dumpa på ulovlege plassar.
Avfallsmassar, som forureina jordmassar, gateoppsop, blåsesand, slam frå sandfang, reknast som næringsavfall og skal leverast til lovleg avfallsanlegg. Dersom avfallsmassane er reine, kan dei nyttast opp att. Dette krev eit reelt behov for massane, samstundes må massane vere egna til formålet. Det er ikkje lov å leggje avfallsmassar på så kalla «massetipper».
Døme på avfallsmassar:
- Forureina jordmassar
- Gateoppsop
- Sand frå sandblåsing (blåsesand)
- Slam frå tunellvask
- Slam frå sandfang
- Slam frå oljeskiljar
- Slam frå reinseanlegg
- Betongrestar
- Asfaltflak
- Restar frå tankar o.l.