Tilsyn med forureining

Statsforvaltaren fører tilsyn med at verksemder følgjer krava i forureiningslova med forskrifter. Vi kontrollerer utslepp til luft, vatn og grunn og handtering av avfall og kjemikal. Vi kontrollerer ved å gå gjennom dokumentasjon og snakke med tilsette. I tillegg sjekker vi ute på anlegget at det vi har fått vite i dokument og intervju stemmer med det vi ser.

Tilsynsaksjonar

Mange av tilsyna inngår i aksjonar, enten landsdekkjande eller regionale. Aksjonane vert gjennomførte i samarbeid med Miljødirektoratet.

Tilsyn der risikoen er størst

Vi kontrollerar der det er mest truleg at det er brot på regelverket, og der dette har størst verknad på miljøet. Tema i dei fleste tilsyna er prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, forureining og internkontroll.

Oppfølging etter tilsyn

Vi følgjer opp alle tilsyna der vi har avdekka brot på regelverket. Vi gir ein tidsfrist for å rette opp avvika. Ved manglande tilbakemelding vert det varsla tvangsmulkt. I tillegg kan vi følgje opp med strengare reaksjonar ved alvorlege brot.

Informasjon

Du kan finne meir informasjon om landsdekkjande aksjonar hjå Miljødirektoratet. Rapportar etter tilsyn ved verksemder med utsleppslyve vert lagt ut på nettstaden Norske utslipp.


Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.